04 Mar
04Mar

Sjå leiar i NFFF Mette Svendsen lese opp grunngjevinga her.

Prisen går til nokon som har bidradd til å fremje verdigheit og respekt for personar med fedme. I 2023 gjekk prisen til Ronny Brede Aase som løfta fram brukarperspektiv i serien "Eit feitt liv".  I år går går prisen til Maria Arlén Larsen. 

Larsen vart nominert av Landsforeininga for overvektige ved Mari-Mette Graff.  Det understrekar at valet av årets prisvinnar er forankra hos dei personane prisvinnaren er så dedikert for å styrke og hjelpe. 

Det er lagt vekt på at Larsen har formidla oppdatert og vitskapleg kunnskap om fedme og kroppsvektregulering, og har bidrege til å fremje ein meir inkluderande og rettferdig offentleg diskurs. Ho har retta opp stereotypiske og ofte skadelege framstillingar av personar med fedme, og har vore ei kraftfull offentleg røyst for å fremje verdigheit og respekt. Hennar engasjement og nærvær i ulike media gjer at ho er ein verdig mottakar av prisen. 

Med ein bakgrunn som lege og forskar med doktorgrad frå UiT Noregs Arktiske Universitet og vidareutdanning frå Harvard University, kombinerer Maria Arlén Larsen fagleg dyktigheit med eit personleg engasjement som inspirerer. Ho evnar å formidle kompleks vitskap på ein tilgjengeleg måte, frå førelesingar på global skala til hennar populære kakeblogg og bokutgjeving. Hennar mangfaldige engasjement, frå å vere ein matspaltist til å utvikle spesialistklinikkar for overvekt, demonstrerer brei kompetanse og hennar evne til å møte menneske der dei er med respekt. 

Gjennom utviklinga av ein innovativ app har Maria Arlén Larsen bidrege til å adressere behova til personar som lever med fedme. Appen reflekterer hennar omfattande erfaring og tilbyr ein heilskapleg tilnærming til behandling, der empowerment og aktiv deltaking i eigen helseprosess er nøkkelkomponentar. Dette initiativet illustrerer Maria Arlén Larsens evne til å tenke nytt og hennar dedikasjon til å forbetre livskvaliteten for personar med fedme. 

Norsk foreining for fedmeforsking er stolte over å tildele  Maria Arlén Larsens prisen for 2024, som ei anerkjenning av hennar innsats.  Ho er ein inspirasjon for alle som arbeidar for å fremje helse, verdigheit og respekt for personar med fedme.

Prisen vert delt ut på Fedmeforskingsdagane i Oslo 15-16 oktober 2024, der Larsen vil halde føredrag.