Banebrytende og viktig forskning fra fedmeforskere i Bergen

mandag 24. august 2015 08:52

Gjennom store populasjonsstudiar har ein funne at overvekt/fedme er 40-80% arveleg, og genvariantar i eit genområde rundt FTO-genet har konsekvent vist den sterkaste koplinga til auka kroppsvekt i ulike populasjonar. Trass ei rekke studiar har ein likevel ikkje klart å nøste opp i mekanismen som ligg til grunn for at genvariantar i dette DNA-området aukar fedme-risikoen.

Ein ny studie er no publisert i det meget annerkjente medisinske tidsskriftet New England Journal of Medicine, med bidrag frå postdoktor Simon Nitter Dankel (bildet) ved Universitetet i Bergen og Hormonlaboratoriet, Haukeland, saman med prof. med. Gunnar Mellgren, Christine Haugen og samarbeidspartnarar ved Broad Institute of Harvard og MIT, Boston, USA. Med ein tverrfagleg og systematisk innfallsvinkel, vart det påvist at ein bestemt genvariant, rs1421085, gjer at proteinet ARID5B mistar evna til å binde DNA spesifikt i feittceller (og ikkje i til dømes hjerneceller). Dette fører til auka avlesing av genane IRX3 og IRX5 som sit lengre nede i genområdet, og som ved auka avlesing hindrar feittceller si evne til å forbrenne ekstra energi som varme.

Ved å oppdage denne ARID5B-rs1421085-IRX3/5-mekanismen i FTO-genområdet, har ein no nye konkrete mål for medikamentell behandling for å motverke fettlagring. Eventuelle medikament må testast ut i vidare kliniske studiar. Studien er den første av sitt slag og gir ei ny “oppskrift” på korleis ein kan finne dei kausale mekanismane som ligg bak genvariantar som assosierer med folkesjukdomar utover overvekt/fedme, inkludert diabetes og hjartekar.

 Simon Nitter Dankel, Universitetet i Bergen og Hormonlaboratoriet, Haukeland Universitetssjukehus; Bergen. (foto: Jørgen Barth)

 

Norsk forening for fedmeforskning - Org.nr.: 982096391 - Bankkontonummer: 9235.17.87246 - E-post

Styret - Bli medlem - Kontakt