Gener kan påvirke grad av magefett

torsdag 07. juli 2011 15:54

Simon Erling Nitter Dankel viste i sine studiar for PhD graden ved Universitetet i Bergen, ein for låg avlesing av bestemte utviklingsgener i magefettet. Disse genene var samstundes høgt avleste i underhudsfett etter slankeoperasjon. Der var og samanheng mellom genetisk variasjon i fleire av desse genene og liv/hofte vidde (eit mål på magefett). Dette tyder på at studien har identifiser gener som kan påverke grad av fedme i mageregionen hos ulike personar.

Forekomsten av fedme har auka kraftig i fleire land inkludert Noreg dei siste tiåra. Fedme aukar risikoen for ei rekke sjukdomar som diabetes, hjartesjukdom og fleire former for kreft. Dette gjeld spesielt mykje fettvev i magen (”epleform”), medan lagring av fett primært i underhudsfettet (”pæreform”) kan vere beskyttande.

Hormoner og andre fysiologiske stimuleringar styrer funksjonen til cellene i kroppen, gjennom avlesing av gener. Dankel og medarbeidare har studert i kva grad ulike gener er lest av i underhudsfettet og magefettet ved fedme. Fettvevet var teke fra personar med sjukeleg fedme (kroppsmasseindeks over 50), som vart fulgte til eitt år etter slankeoperasjon (kroppsmasseindeks 33).

 

Norsk forening for fedmeforskning - Org.nr.: 982096391 - Bankkontonummer: 9235.17.87246 - E-post

Styret - Bli medlem - Kontakt